Midtausten – Allmøte og Tverrfaglig-kveld

Tysdag 3. februar klokka 19.00 arrangerer instituttutvalet allmøte for studentar ved AHKR. Dette blir etterfulgt av tverrfagleg arrangement med Midtausten som tema. Dette vil gå føre seg i auditorium K på Sydneshaugen Skule. På allmøtet vil det bli rekruttert inn nye medlemmar, blant anna frå dei faga som ikkje har representantar og minst ein frå arkeologi og minst ein frå kulturvitenskap. Det er også mogelegheiter for at fleire enn to frå kvart fag for bli medlem, dersom dette er ynskjeleg.

Oppgåva til instituttutvalet er kort sagt å ha eit godt samarbeid med studentane gjennom blant anna å arrangere faglege tilsetningar på tvers av faga for å bidra til ein meir engasjert studenttilvering. Utvalet fungerer også som eit bindeledd mellom faga og instituttet, og vil hjelpe med å løyse problem som ikkje kan løysast på fagnivå. Instituttutvalet har også ein representant i HFSU, ein i utdanningsutvalet og ein i forskningsutvalet.

På allmøtet vil det også bli val av ny lesesalskoordinator på instituttnivå. Oppgåva til vedkommande vil bli å ha ei oversikt over lesesalsplassane til masterstudentane og arrangere møter blant anna dersom lesesalssituasjonen endres og plassar skal delegeres på nytt.

Det tverrfaglege arrangementet er denne gongen arrangert av fagutvalet på historie, der temaet blir Midtausten. Her vil det bli haldt foredrag av studentar frå dei ulike faga på instituttet om dette temaet. Det vil også bli servert litt å tygge på, og folk kan ta med seg leskande forfriskningar av eige ynskje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *