Denne gangen har Kjersti Siem tatt ansvaret og skriver om interreligiøs dialog i masteroppgaven sin.
Då eg byrja på master i 2013, hadde eg eigentleg ingen idear om kva eg skulle skrive oppgåve om. Eg hadde tre kriterie: Det skulle føregå i Noreg, det skulle vere dagsaktuelt, og det skulle omhandle ungdom sitt forhold til religion på ein eller annan måte. Etter mykje grubling fram og tilbake, fall eg etter kvart på temaet ”religion- og livssynsdialog”. Slik dialog er eit fenomen som har vorte ”i vinden” i takt med at samfunnet vert meir globalisert, både i Noreg, men også elles i Vesten. Ein vert i større grad enn før vitne til ulike religiøse konfliktar. Samstundes som samfunnet vert meir fleirkulturelt, har særleg religiøse leiarar og politikarar framheva kor viktig det er å møte andre religionar til dialog heller enn diskusjon. Hovudfokuset mitt er på norsk ungdom og unge vaksne som deltek i interreligiøs dialog, dvs. dialog på tvers av ulike religionar og livssyn. Det har vore forska på religion- og livssynsdialog i Noreg før, men denne forskinga har i hovudsak har vore gjort av personar med teologisk bakgrunn, der deira religion møter andre religionar. Den har derimot ikkje hatt fokus på religionsdialog innanfor eit religionsvitskapleg perspektiv før. Slik meiner eg at eg kan bidra med ny innsikt i forsking på religionsdialog.
Synst du at religion- og livssynsdialog verkar spanande, og har lyst til å lese meir om emnet? Då kan eg i så fall tilrå boka Religionspluralisme. Mangfald, konflikt og dialog i Norge av Oddbjørn Leirvik. Denne boka gjev ei innføring i temaet, med både faglege omgrep, ein historisk overblikk på tradisjonen for religion- og livssynsdialog i Noreg, og forfattaren sine personlege opplevingar i dialog, for å nemne noko.
Flott blogg og blogginnlegg! Vi holder på med interreligiøs dialog i Bergen! Vi hadde blant annet et arrangement i oktober med Oddbjørn Leirvik. Nå skal vi ha et nytt ett i mars. Sjekk gjerne facebooksiden vår for mer informasjon om oss og arrangementet. facebook.com/STL.Bergen.
mvh
Samarbeidsrådet for tros-og livssynssamfunn, Bergen