Seminar: Buddhisme

Førstkommende Onsdag, 25 april kl 14.15, holder Astrid Hovden og Jostein Reiten to spennende foredrag for oss religionsstudenter:

(1) Vidareføring av tibetanske pilegrimstradisjonar i dagens Lhasa

Lhasa har vore eit viktig religiøst sentrum i Tibet i fleire hundre år, og
rommer eit mangfald av kloster, tempel og heilagstadar. Rituale knytt til byens
heilage landskap blir utført dagleg av pilgrimar og fastbuande, men aktiviteten
er ekstra stor under visse religiøse festivalar. Men i løpet av dei siste tiåra
har Lhasa gjennomgått radikale endringar, og tilhøva for religiøs praksis har
endra seg tilsvarande. Føredraget vil gi eit bilete av feiringa av
pilegrimsfestivalar i dagens Lhasa, og diskutere korleis tibetanske
oppfatningar om heilagt landskap blir opprettholdt og refortolka i konteksten
av dei begrensingane som den kinesiske staten legg for religiøs praksis.

v/ Astrid Hovden

(2) Sosialt engasjert buddhisme – eksempel får ein Kambodsjansk kontekst

Buddhismen i Kambodsja har i åra etter Raude Khmerregimet sitt fall gått gjennom ein langsam revitaliseringsprosess. Talet på buddhistmunkar og tempel har stige til omtrent same nivå som før Pol Pot, men stadig fleire innanfor den kambodsjanske sanghaen er bekymra for det låge kunnskapsnivået blant dei nye munkane som langt ifrå er på same nivå som før borgarkrigen braut ut i 1970.

Kambodsja og buddhismen der går i dag gjennom ein ny moderniseringsprosess og i løpet av foredraget vil eg koma med eksempel på ulike strategiar som buddhistmunkar og buddhistorganisasjonar har teke i bruk for på nytt å legitimere sin status som ein religiøs tradisjon der bidraget til fellesskapet er meir enn tradisjonelle festar og ritual. Desse eksempla vil bli sett i perspektiv ved hjelp av kategorien sosialt engasjert buddhisme.

v/ Jostein Reiten

MERK: Vi snakkes på AUD N, SYDNESHAUGEN SKOLE, KL 14.15 PÅ ONSDAG.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *