Tromsø, 7.–8. mai 2010
Arrangør: Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø i samarbeid med Chaos: skandinavisk tidsskrift for religionshistoriske studier og Norsk religionshistorisk foreining.
Tema: religion og geografi
Religionar og religionsvitarar blir prega av geografiar – og geografiar blir prega av religionar og religionsvitarar. På kva måtar? Ei brei tilnærming til temaet opnar for ei rekke ulike spørsmål og svar. Vi inviterer med dette til bidrag som kastar lys over emnet på ulike måtar frå ulike perspektiv.
Stikkord kan vere: stad, rom, landskap, terreng, kart, grenser, topografi, region, område, lokalisering, posisjon, mobilitet, rørsle, reise, kommunikasjon, rute, tilhøyre, horisont, besøk, retning, navigering, diaspora, heim, tilknyting, relasjon, avstand, nærleik, utforsking, transportmiddel, turisme, flytting, vandring, sentrum, periferi, biotop, inngrep, modifikasjon, arkitektur, natur, kultur, og veg.
Frist for innsending av samandrag (abstract): 15. mars 2010
Frist for påmelding utan framlegg: 1. april 2010
Kontaktperson: Bjørn Ola Tafjord (bjorn.tafjord@uit.no / +47 776 45 289) Inga påmeldingsavgift. Alle deltakarar betalar reise, opphald og måltid sjølv (trykk «Les videre» nede til høgre for relevante nettstader).
Program: fredag 7. mai, start kl 1400 / laurdag 8. mai, ferdig kl 1700 (detaljert program vil verte sendt ut i starten av april). Årsmøte/generalforsamling i Norsk religionshistorisk foreining vert halde på fredag.
Hotell (med UiT-rabatt*):
Thon Hotel Polar
Rica Grand Nordic Hotel
Rica Ishavshotel
Choice Quality Hotel Saga
Choice Clarion Hotel Bryggen
Choice Clarion Collection Hotel With
(*Be om UiT-avtaleprisar ved bestilling)
Andre rimelege overnattingsalternativ:
AMI Hotell Tromsø
Viking Hotell Tromsø
Amalie Hotell
ABC Hotell Nord
Vel møtt!