Religion og religionsforsking i konfliktområde

Fagutvalget for religionsvitskap inviterer til fagkritisk dag 2012: Religion og religionsforsking i konfliktområde

Torsdag 1. mars, Sydnesplass 12-13 rom 209
Korleis kan me forska på religion i konfliktområde? Kan me forska utan å ta side i konflikta? Denne dagen skal me sjå på spørsmål som desse med utgangspunkt i konkrete problemstillingar presentert av fire innleiarar med erfaring frå forsking i slike område. Det vil bli lagt opp til ei kort innleiing frå innleiarane fulgt av diskusjon blant deltakarane.

I tillegg spanderer fagutvalet gratis lunsj på alle deltakarar, og me har fagfest med quiz på kvelden.
Program

10:15    Islam og kvinnepolitikk i Sudan
Liv Tønnesen, politisk forskar ved CMI

11:15    Arkeologisk arbeid i Midtausten
Nils Anfinset, førsteamanuensis ved arkeologi, UiB

Ca 12    LUNSJ

13:15    Arbeid for Kirkens Nødhjelp under Taliban i Afghanistan
Arne Strand, politisk forskar ved CMI

14:15    Mellom forestillinger og vrangforestillinger – Feltarbeid om religion og politikk i Sri Lanka
Michael Hertzberg, stipendiat ved CMI

18:00    Fagfest med quiz!

Arrangementet er ope for alle interesserte. Fagkritisk dag vert arrangert av studentar ved religionsvitskap for andre studentar og tilsette ein gong i året. Opplegget erstattar vanleg undervisning denne dagen.

Meld deg på hendinga på facebook her | Fagutvalget si facebookside

Norrøn religionsfagfest!

2. februar kl 19, på Sydnesplass 12-13 rom 209, har FUR gleda av å invitera alle religionsstudentar på semesterets første fagfest!

I tillegg til godt lag og konsumering av det du måtte ønskja å ta med deg kan me by på snacks og eit spennande program: Ellen Ryland praktiserer åsatru, og kjem for å fortelja og svara på spørsmål om det.

Om Åsatru, frå Bifrost sine nettsider (bifrost.no): «Moderne åsatru er i hovedsak bygget på de førkristne religiøse tradisjoner her i Norden. Åsatrufellesskapet Bifrost har tatt mål av seg til å samle alle som ønsker å dyrke de gamle norrøne guder og holde den hedenske sed i hevd. Vi har vært registrert som et offisielt trossamfunn i Norge siden 1996, og er en paraplyorganisasjon som samler lag og enkeltmedlemmer fra hele landet.»

Ca kl 22 tek me turen til ein av byens serveringsstader. Vel møtt, anten du er med heile eller deler av kvelden!

Velkommen til nytt semester!

Fagutvalet ønskjer alle gamle og nye religionsstudentar velkomne tilbake til nytt semester. Følg med på denne sida framover for informasjon om kva som skjer utover våren.

For nye studentar: Kven er FUR?
Fagutvalet for religionsvitskap ved UiB (FUR) er ei gruppe for og av studentar som ønskjer å skapa eit godt sosialt miljø for studentane ved religionsvitskap. Me arrangerer fagfestar, ekskursjonar og foredrag, og me har jamlege filmkveldar. Arrangementa våre er opne for alle, og fokuset vårt er først og fremst på å skapa eit godt sosialt fellesskap. Du treng altså ikkje vera ein ekspert i religionsfaget for å vera med på det som skjer! Informasjon om arrangementa vert lagt ut på heimesida og facebookgruppa vår (sjå under).

I tillegg til å arrangera sosiale arrangement er fagutvalet religionsstudentane sitt talerøyr lenger opp i UiB-systemet. Leiaren av FUR er religionsstudentane sin representant i fagrådet.

Vil du vera med i fagutvalet? Me møtest om lag ein gong i månaden, og du vel sjølv kor mykje arbeid du er villig til å leggja ned. Som medlem får du ein sjanse til å vera med på å bestemma kva me skal arrangera og korleis, og du kan vera med på å påverka studiemiljøet ditt ved å ta opp saker som skal vidareformidlast til UiB.

Fagutvalsarbeid er ei arbeidserfaring som dei fleste arbeidsgivarar ser svært positivt på. I tillegg kan arbeidet hjelpa deg med å få gode venner og kontaktar som kan vera gode å ha om du vil satsa på religionsvitskap i framtida.

Besøk oss på heimesida vår, fur.uib.no (her er du jo alt), og meld deg inn i facebookgruppa vår, facebook.com/groups/furbergen for å halda deg oppdatert på kva som skjer! Vil du vera med i fagutvalet, har du idear om kva fagutvalet kan/bør gjera eller har du saker du vil at me skal ta opp med fakultetet? Då kan du kontakta oss på fur@uib.no.

 

Fagutvalet for religionsvitskap ved UiB (FUR) er ei gruppe for og av studentar som ønskjer å skapa eit godt sosialt miljø for studentane ved religionsvitskap. Me arrangerer fagfestar, ekskursjonar og foredrag, og me har jamlege filmkveldar. Arrangementa våre er opne for alle, og fokuset vårt er først og fremst på å skapa eit godt sosialt fellesskap. Du treng altså ikkje vera ein ekspert i religionsfaget for å vera med på det som skjer! Informasjon om arrangementa vert lagt ut på heimesida og facebookgruppa vår (sjå under).

I tillegg til å arrangera sosiale arrangement er fagutvalet religionsstudentane sitt talerøyr lenger opp i UiB-systemet. Leiaren av FUR er religionsstudentane sin representant i programrådet.

Vil du vera med i fagutvalet? Me møtest om lag ein gong i månaden, og du vel sjølv kor mykje arbeid du er villig til å leggja ned. Som medlem får du ein sjanse til å vera med på å bestemma kva me skal arrangera og korleis, og du kan vera med på å påverka studiemiljøet ditt ved å ta opp saker som skal vidareformidlast til UiB.

Fagutvalsarbeid er ei arbeidserfaring som dei fleste arbeidsgivarar ser svært positivt på. I tillegg kan arbeidet hjelpa deg med å få gode venner og kontaktar som kan vera gode å ha om du vil satsa på religionsvitskap i framtida.

Besøk oss på heimesida vår, http://fur.uib.no, og meld deg inn i facebookgruppa vår, http://tr.im/religionbergen for å halda deg oppdatert på kva som skjer! Vil du vera med i fagutvalet, har du idear om kva fagutvalet kan/bør gjera eller har du saker du vil at me skal ta opp med fakultetet? Då kan du kontakta oss på fur@uib.no.

Filmklubb: The Legend of Bagger Vance

Måndag 19. september på Ad Fontes

I filmklubben denne gongen viser me The Legend of Bagger Vance, som er eit Hollywood-forsøk på å laga ein versjon av Bhagavadgita. Me har flytta filmklubben til Ad Fontes, så no har me behagelege sitteplassar og servering i tillegg til film og godt humør!

Om filmen, frå IMDB:
«A disillusioned war veteran, Captain Rannulph Junah, reluctantly agrees to play a game of golf. He finds the game futile until his caddy, Bagger Vance, teaches him the secret of the authentic golf stroke which turns out also to be the secret to mastering any challenge and finding meaning in life.»

FUR arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på det sosiale. Etter filmvisningane pleier me å drikka øl/brus og skravla på Ad Fontes (det er sjølvsagt valfritt). Vel møtt!

Arrangement på facebook | Fagutvalget på facebook

Vil du vera med i fagutvalget?

Interessert i å vera med i fagutvalget? På fredag (09.09) kl 1230 har me møte i andre etasje i kantina på Sydneshaugen skole. Om du vil vera med er det berre å møta opp der eller senda meg ein mail på daniel.fitjar@student.uib.no.

Det viktigaste me må gjera på møtet på fredag er å få på plass desse verva:
– 2 studentrepresentantar i fagrådet (desse vert religionsstudentane sitt talerøyr i fagspørsmål, som til dømes eksamensordningar. Me treng helst ein representant frå bachelornivå til ein av desse plassane.)
– 2 arrangementsansvarlege (hovudsakleg fagfestorganisering, romreservasjon etc. – I haust skal me prøva å få til turar til hindutempelet og til moskeen, dei arrangementsansvarlege får jobben med å kontakta desse og avtala møte)
– 2 PR-ansvarlege (ein med ansvar for plakatar, og ein med ansvar for web, eller begge på begge deler. Desse informerer også jamleg på forelesningar. Derfor bør helst minst ein av dei vera på bachelornivå)
– Økonomiansvarleg.

Ein person kan gjerne ha fleire verv. Det er også mogeleg å vera medlem utan å ha noko verv, men heller hjelpa til når det trengst. Kor mykje arbeid du vel å leggja i fagutvalsarbeidet er heilt opp til deg.

Fagutvalsarbeid er ei arbeidserfaring som dei fleste arbeidsgivarar ser svært positivt på. I tillegg kan arbeidet hjelpa deg med å få gode venner og kontaktar som kan vera gode å ha om du vil satsa på religionsvitskap i framtida. Eg kan skriva attest på arbeidet som er gjort etter endt semester for dei som ønskjer det.

Håpar å sjå gamle og nye medlemmer på fredag!

Daniel

Filmklubb: Afghan Star

Måndag 05. september, Sydneshaugen Skole auditorium A

Det er tid for semesterets første filmklubb! Denne gongen viser me Afghan Star. Ta med deg snacks og gode venner!

Om filmen, frå IMDB:
«Afghan Star» is a TV show modeled on the UK’s «Pop Idol.» We join the 2008 contest when it’s down to nine contestants, and we focus on two women, Setara and Lema, and two men, Hameed and Rafi. We watch the two women in particular: Satara sings with emotion and includes dance in her final performance, an action that puts her life in danger; Lema is traditional, but her very appearance brings death threats. The three finalists are from different tribes, and each makes a plea for Afghan unity. The camera visits families watching the competition, there are comments from people in the street, and we return home with a nervous Setara. In Afghanistan, singing is an expression of freedom.

http://www.imdb.com/title/tt1334510/

FUR arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på det sosiale. Etter filmvisningane pleier me å drikka øl/brus og skravla på Kvarteret (det er sjølvsagt valfritt). Vel møtt!

Arrangement på facebook | Fagutvalget på facebook

Takk for i vår!

Vårsemesteret er over, og me i fagutvalet vil takka kvar og ein som har vore med på arrangement og gjort dette til eitt av dei beste og mest innhaldsrike semestera i fagutvalet si historie! Me vil halda oppe det nivået me har hatt dette semesteret, men til det treng me di hjelp.

I haust vert det nemlig ein del utskiftingar i fagutvalet. Nokre av oss dreg frå Bergen og nokre er ferdige med mastergraden sin og religionsfaget. Men den største utfordringa er at dei gjenverande på bachelornivå leverer bacheloroppgåva si denne våren. Dermed vil alle dei medlemmene som står att vera på masternivå til hausten.

Me i fagutvalet er opptekne av å laga arrangement for alle på religionsvitskap, og me meiner at arrangementskomiteen også bør spegla dette. Derfor treng me spesielt to medlemmer på bachelornivå, sjølv om me sjølvsagt vil ha med alle som vil bidra.

Arbeidet i fagutvalet tek svært lita tid, og du bestemmer heilt sjølv kor mykje du vil bidra med. Me har (ganske så uformelle) møte om lag ein gong i månaden, der me planleggjer aktivitetar, fagfestar og foreslår saker til møter i programrådet, der leiaren vår er religionsstudentane sin representant. To spesifikke jobbar som vert ledige til hausten er leiar for filmklubben (ein jobb du deler med Anders Vaage) og publisering av nyhende og arrangement på facebook og fur.w.uib.no, men det er også mogeleg å vera medlem av fagutvalet utan å ha spesifiserte arbeidsoppgåver (noko som gjeld dei fleste av oss i dag).

Om du ønskjer å vera med kan du senda mail til fur@uib.no, eller ta kontakt med ein av oss som alt er med (administratorane i fur-gruppa på facebook).

Med venleg helsing og ønskje om ein strålande sommar til alle,
Fagutvalget for religionsvitenskap

Eksamensfagfest!

Tid: Fredag 11. juni kl 1815
Stad: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209

Semesteret nærmar seg slutten og eksamenane er like om hjørnet for dei fleste av oss. Men etter regn kjem sol, og etter eksamen kjem eksamensfest! Me feirer at eksamen er overstått og sparkar sommarferien i gang med gode vener, god stemning og religionsquiz!

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med på ein kjempekjekk kveld! Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til ein av byens serveringsstader (sannsynlegvis Kvarteret) for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har hatt festane dette semesteret. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Skal du søke master til høsten?

For de som skal søker til masterstudiet som begynner til høsten: Som vi alle vet, kan uib.no være litt kronglete å finne frem i for å si det mildt, så jeg legger dem ut linkene til info-sidene her:

http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-RELV
http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det…-humanistiske-fakultet

Dersom noen har spørsmål, ikke nøl med å sende en melding/mail eller kommentere nedenfor, så sender jeg en fellesmail til studieveileder 7. mai. Spørsmål og svar vil så bli lagt ut her på FUR-siden og i facebook-gruppen/diskusjonsseksjonen på facebook-gruppens sider. 🙂

(Skulle du komme på spørsmål etter 7. mai, så bare gi beskjed. Det viktigste er at du sier ifra om at du lurer på noe.)

Hilsen Jane

Besøk frå Bahá’í-samfunnet i Norge

Onsdag 21. april kl 1815 får me besøk av Tone og Odd Gunnar Holsen frå Bahá’í-samfunnet i Norge, som skal fortelja oss litt om religionen sin og om samfunnet deira i Noreg og i Bergen. Møtet vert halde i auditorium A på Sydneshaugen skole.

Bahá’í er ein religion som ikkje får stor merksemd i vårt pensum og som dei fleste av oss veit svært lite om, sjølv om dei har medlemmer og forsamlingshus i Bergen. Derfor er dette ein gyllen mulighet til å læra noko nytt!

Litt om bahá’íane i Noreg frå deira eigne nettsider bahai.no:
«Bahá’í-samfunnet i Norge er del av Det internasjonale bahá’í-samfunnet som teller over 6 millioner mennesker. Det er ett av verdens største, organiserte fellesskap. I Norge er det nå ca. 1080 medlemmer. Det internasjonale bahá’í-samfunnet har den nest største geografiske utbredelsen av alle religioner, etter kristendommen. Bahá’í-troen vokser raskt.

Det bor bahá’íer i ca. 130 kommuner i Norge, i alle fylker. 18 steder er det større samfunn med lokale råd.»