Me er klare for eit nytt semester!

Fagutvalget har mykje på programmet denne våren, og me vil gjerne ha med så mange som mulig på desse. Me skal arrangera fagfestar og ekskursjonar, og me har også starta vår eigen filmklubb med påfølgjande fagøl annakvar måndag. Me vil sjølvsagt informera om alle arrangement på denne sida, men det kan også vera lurt av deg å følgja oss på facebook. Då vil du automatisk få invitasjon når det skjer noko nytt.

Dersom du ønskjer å bidra i fagutvalget kan du senda ein mail til leiaren vår, Jane Skjoldli, på jane.skjoldli@student.uib.no eller berre møta opp på eitt av møtene våre. Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.