Filmklubb: Program for mars/april

OPPDATERING: PARADISE NOW VAR FØRST ANNONSERT 29. MARS, MEN DETTE ER I PÅSKA. DEN ER DERFOR FLYTTA TIL 12. APRIL!

Filmklubben sitt program for mars og byrjinga av april er klart! Framover har me planlagt å visa tre filmar (trykk på lenkene for å koma til facebook-eventen for kvar av dei):

Me startar 1. mars med originalversjonen av The Omen – ein klassikar som absolutt er verdt å få med seg på storskjerm. 15. mars viser me dokumentaren Searching for the Wrong-Eyed Jesus, og 12. april viser me Paradise Now, oscarnominert drama frå og om Israel og Palestina. Alle filmane vert viste i Auditorium B på Sydneshaugen skole, og visningane startar kl 1815.

Me meiner sjølv at me med det har eit svært variert og spanande program, og det er på grunn av gode tips og innspel frå dykk som har vore med hittil – tusen takk! Me er framleis avhengige av dykkar hjelp for å sikra at me får eit godt program også i månadane framover – har du ein idé, så del han med underteikna eller Anders Vaage. Me sjåast på måndag!

Om filmklubben: Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på ein av byens serveringsstader. Me håpar å sjå deg der!

For filmklubben
Daniel Croles Fitjar
daniel.fitjar@student.uib.no / 95849350

filmklubben sitt program for mars klart! Denne månaden vil me visa tre filmar: Me startar første dagen i månaden med originalversjonen av The Omen – ein klassikar som absolutt er verdt å få med seg på storskjerm. 15. mars viser me dokumentaren Searching for the Wrong-Eyed Jesus, og 29. mars viser me Paradise Now, oscarnominert drama frå og om Israel og Palestina.

Me meiner sjølv at me med det har eit svært variert og spanande program, og det er på grunn av gode tips og innspel frå dykk som har vore med hittil – tusen takk! Me er framleis avhengige av dykkar hjelp for å sikra at me får eit godt program også i månadane framover – har du ein idé, så del han med meg eller Anders Vaage. Me sjåast på måndag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *