Besøk i moskeen i Bergen

Onsdag 17. mars kl 18:00 er religionsstudentar og andre interesserte inviterte på besøk i moskeen i Bergen. Her har du mogelegheita til å læra meir om islam generelt, og islam i Noreg og Bergen spesielt, frå eit innanfråperspektiv. Me vil få ei omvisning i moskeen og det vert anledning til å stilla spørsmål. Etter presentasjonen er det solnedgangsbøn, og me har planar om å vera til stades under denne.

Bergen moske ligg i Jekteviksbakken 27, altså rett nedanfor Dragefjellet (gult hus, nabobygg på Møhlenprissida av «Jus II»). Me går dit i samla flokk, felles oppmøte framfor Johanneskirken (den store raude av murstein) klokka 1740.

Vonar du vert med, det vert garantert spennande!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.