Fagfest med foredrag: Religion og nye medier

Tid: Tysdag 23. mars kl 1900
Stad
: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209 (detaljert vegskildring lenger nede, ring 95849350 om du står fast)

På tysdag er det på tide med fagfest igjen! Me møtest for nok ein fantastisk kveld med gamle og nye venner i religionsvitskapens teikn. Me får besøk frå Universitetet i Bremen av Kerstin Radde Antweiler, som skal fortelja oss om sitt arbeidsfelt religion i nye medier. Etterpå vil ho informera litt om utvekslingsprogrammet mellom UiB(ergen) og UiB(remen) som kanskje kan vera spennande for ein del religionsstudentar.

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med på ein kjempekjekk kveld! Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til Kvarteret for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har vore dei siste gongene. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *