Filmklubb: Program for april/mai

Dei siste filmane i filmklubben dette semesteret er klare (trykk på lenkene for å koma til facebook-eventen for kvar av dei)! Som nemnt før vert neste film Paradise Now den 12. april. Så beveger me oss litt lenger aust til historia om den 14. Dalai Lama i filmen Kundun den 26. april. Når me har runda mai nærmar eksamenstida seg med stormskritt, så då tek filmklubben sommarferie. Mange tek relv103 denne våren, og derfor avsluttar me for semesteret med Sita Sings the Blues den 10. mai, ei moderne tolking av Ramayana. Med andre ord ein god grunn til å ta pause i eksamenslesinga! Denne siste filmen er berre 80 minuttar lang, så me får ekstra god tid til å gå på Kvarteret etterpå. Håpar så mange som mogeleg vert med oss for å avslutta kvelden der og takka for denne gong, sjølv om me kan spara avskjedane til fagfesten ved eksamensslutt:)

Om filmklubben:
Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på Kvarteret. Me håpar å sjå deg der!

For filmklubben
Daniel Croles Fitjar
daniel.fitjar@student.uib.no / 95849350

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.