Takk for i vår!

Vårsemesteret er over, og me i fagutvalet vil takka kvar og ein som har vore med på arrangement og gjort dette til eitt av dei beste og mest innhaldsrike semestera i fagutvalet si historie! Me vil halda oppe det nivået me har hatt dette semesteret, men til det treng me di hjelp.

I haust vert det nemlig ein del utskiftingar i fagutvalet. Nokre av oss dreg frå Bergen og nokre er ferdige med mastergraden sin og religionsfaget. Men den største utfordringa er at dei gjenverande på bachelornivå leverer bacheloroppgåva si denne våren. Dermed vil alle dei medlemmene som står att vera på masternivå til hausten.

Me i fagutvalet er opptekne av å laga arrangement for alle på religionsvitskap, og me meiner at arrangementskomiteen også bør spegla dette. Derfor treng me spesielt to medlemmer på bachelornivå, sjølv om me sjølvsagt vil ha med alle som vil bidra.

Arbeidet i fagutvalet tek svært lita tid, og du bestemmer heilt sjølv kor mykje du vil bidra med. Me har (ganske så uformelle) møte om lag ein gong i månaden, der me planleggjer aktivitetar, fagfestar og foreslår saker til møter i programrådet, der leiaren vår er religionsstudentane sin representant. To spesifikke jobbar som vert ledige til hausten er leiar for filmklubben (ein jobb du deler med Anders Vaage) og publisering av nyhende og arrangement på facebook og fur.w.uib.no, men det er også mogeleg å vera medlem av fagutvalet utan å ha spesifiserte arbeidsoppgåver (noko som gjeld dei fleste av oss i dag).

Om du ønskjer å vera med kan du senda mail til fur@uib.no, eller ta kontakt med ein av oss som alt er med (administratorane i fur-gruppa på facebook).

Med venleg helsing og ønskje om ein strålande sommar til alle,
Fagutvalget for religionsvitenskap

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *