Filmklubb: Program for mars/april

OPPDATERING: PARADISE NOW VAR FØRST ANNONSERT 29. MARS, MEN DETTE ER I PÅSKA. DEN ER DERFOR FLYTTA TIL 12. APRIL!

Filmklubben sitt program for mars og byrjinga av april er klart! Framover har me planlagt å visa tre filmar (trykk på lenkene for å koma til facebook-eventen for kvar av dei):

Me startar 1. mars med originalversjonen av The Omen – ein klassikar som absolutt er verdt å få med seg på storskjerm. 15. mars viser me dokumentaren Searching for the Wrong-Eyed Jesus, og 12. april viser me Paradise Now, oscarnominert drama frå og om Israel og Palestina. Alle filmane vert viste i Auditorium B på Sydneshaugen skole, og visningane startar kl 1815.

Me meiner sjølv at me med det har eit svært variert og spanande program, og det er på grunn av gode tips og innspel frå dykk som har vore med hittil – tusen takk! Me er framleis avhengige av dykkar hjelp for å sikra at me får eit godt program også i månadane framover – har du ein idé, så del han med underteikna eller Anders Vaage. Me sjåast på måndag!

Om filmklubben: Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på ein av byens serveringsstader. Me håpar å sjå deg der!

For filmklubben
Daniel Croles Fitjar
daniel.fitjar@student.uib.no / 95849350

filmklubben sitt program for mars klart! Denne månaden vil me visa tre filmar: Me startar første dagen i månaden med originalversjonen av The Omen – ein klassikar som absolutt er verdt å få med seg på storskjerm. 15. mars viser me dokumentaren Searching for the Wrong-Eyed Jesus, og 29. mars viser me Paradise Now, oscarnominert drama frå og om Israel og Palestina.

Me meiner sjølv at me med det har eit svært variert og spanande program, og det er på grunn av gode tips og innspel frå dykk som har vore med hittil – tusen takk! Me er framleis avhengige av dykkar hjelp for å sikra at me får eit godt program også i månadane framover – har du ein idé, så del han med meg eller Anders Vaage. Me sjåast på måndag!

Filmklubb: The Omen

Fagutvalget sin filmklubb inviterer til visning av The Omen (1976) 1. mars kl 1815 i auditorium B på Sydneshaugen skole.

Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på ein av byens serveringsstader. Me håpar å sjå deg der!

Om dagens film, The Omen (saksa frå imdb.com):
«Robert and Katherine Thorn seem to have it all. He is the US Ambassador to Italy and they want for nothing in their lives, except one thing: they do not have children. When Katharine has a stillborn child, Robert is approached by a priest at the hospital who suggest that he take a healthy newborn whose mother has just died in childbirth. Without telling his wife he agrees to to so but after relocating to London, strange events – and the ominous warnings of a priest – lead him to believe that the child he took from that Italian hospital is evil incarnate.»

Fagfest i kveld!

Minner om at det er fagfest i dag, fjerde februar. Det kan sjå ut som invitasjonen som vart lagt ut her forsvann, så her kjem informasjonen om att (same info finn du forøvrig i facebookgruppa vår):

Dato: Torsdag 4 februar 2010
Tid: 19:00
Stad: Sydnesplassen (instituttbygget) rom 209 (detaljert vegskildring lenger nede, ring 95849350 om du står fast)

Då er det endeleg klart for den store hendinga som vil lysa opp alle vintermørke sinn: Me feirer semesterstart, våren og at det framleis er lenge til eksamen med semesterets første fagfest!

Denne festen er tverrfagleg, med andre ord er det ein fest for alle fag under AHKR sjølv om den er arrangert av fagutvalget for religionsvitskap. Du kan likevel ta med deg venner frå andre fag enn dei også om du vil det!

På programmet står først og fremst hygge og sosialt samvere på tvers av faga, men me har i tillegg vore så heldige å få med oss nokre masterstudentar som skal halda kvart sitt uformelle foredrag over temaet sex innan sitt fagfelt. Dei som skal snakka er Henriette Hop (arkeologi), Knut Melvær, Aina Sogn og Jonas Svendsen (alle tre frå religionsvitskap). Samla tid for foredraga vert ca ein time, pluss diskusjon.

Etterkvart vil me bevega oss i samla flokk til ein av byens serveringsstader for å fortsetta festen ut i dei små timar.

Kvar er rom 209 på Sydnesplassen? For dei som har vore på fagfest før: det er der me har vore dei siste gongene. For nykommarar: gå inn inngangen til infosenteret til HF og gå opp første trappa til høgre. I andre etasje ligg rom 209. Om du har problem med å finna fram kan du ringja Daniel på tlf 958 49 350 og få vidunderleg verdifull vegleiing.

Bring den væska som set deg best i feststemning og bli med oss på ein kveld du seint vil gløyma!

CHAOS-SYMPOSIUM 2010

Tromsø, 7.–8. mai 2010

Arrangør: Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø i samarbeid med Chaos: skandinavisk tidsskrift for religionshistoriske studier og Norsk religionshistorisk foreining.

Tema: religion og geografi

Religionar og religionsvitarar blir prega av geografiar – og geografiar blir prega av religionar og religionsvitarar. På kva måtar? Ei brei tilnærming til temaet opnar for ei rekke ulike spørsmål og svar. Vi inviterer med dette til bidrag som kastar lys over emnet på ulike måtar frå ulike perspektiv.

Stikkord kan vere: stad, rom, landskap, terreng, kart, grenser, topografi, region, område, lokalisering, posisjon, mobilitet, rørsle, reise, kommunikasjon, rute, tilhøyre, horisont, besøk, retning, navigering, diaspora, heim, tilknyting, relasjon, avstand, nærleik, utforsking, transportmiddel, turisme, flytting, vandring, sentrum, periferi, biotop, inngrep, modifikasjon, arkitektur, natur, kultur, og veg.

Frist for innsending av samandrag (abstract): 15. mars 2010

Frist for påmelding utan framlegg: 1. april 2010

Kontaktperson: Bjørn Ola Tafjord (bjorn.tafjord@uit.no / +47 776 45 289) Inga påmeldingsavgift. Alle deltakarar betalar reise, opphald og måltid sjølv (trykk «Les videre» nede til høgre for relevante nettstader).

Program: fredag 7. mai, start kl 1400 / laurdag 8. mai, ferdig kl 1700 (detaljert program vil verte sendt ut i starten av april). Årsmøte/generalforsamling i Norsk religionshistorisk foreining vert halde på fredag.

Fortsett å lese CHAOS-SYMPOSIUM 2010

Filmklubb: Jesus Camp

Title: Filmklubb: Jesus Camp
Location: Auditorium B, Sydneshaugen skole
Link out: Click here
Description: Fagutvalget sin filmklubb inviterer til visning av Jesus Camp (2006) 15. februar kl 1815 i auditorium B på Sydneshaugen skole.

Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på ein av byens serveringsstader. Me håpar å sjå deg der!

Om dagens film, Jesus Camp (saksa frå magpictures.com):
«A growing number of Evangelical Christians believe there is a revival underway in America that requires Christian youth to assume leadership roles in advocating the causes of their religious movement.

JESUS CAMP, directed by Heidi Ewing and Rachel Grady, directors of the critically acclaimed The Boys of Baraka, follows Levi, Rachael, and Tory to Pastor Becky Fischer’s «Kids on Fire» summer camp in Devil’s Lake, North Dakota, where kids as young as 6 years-old are taught to become dedicated Christian soldiers in «God’s army.» The film follows these children at camp as they hone their «prophetic gifts» and are schooled in how to «take back America for Christ.» The film is a first-ever look into an intense training ground that recruits born-again Christian children to become an active part of America’s political future.»
Start Time: 18:15
Date: 2010-02-15

Filmklubb: Gladiatoren

Title: Filmklubb: Gladiatoren
Location: Auditorium B, Sydneshaugen skole
Link out: Click here
Description: Fagutvalget sin filmklubb inviterer til visning av Gladiatoren (2000) 1. februar kl 1815 i auditorium B på Sydneshaugen skole.

Fagutvalget for religionsvitskap arrangerer filmklubb annakvar måndag for alle religionsstudentar og andre som interesserer seg for religion ved UiB. Her vil me visa filmar som kan vera interessante for deg som religionsstudent, men fokus er først og fremst på at me skal gjera noko kjekt saman. Etter filmvisningane vert det fagøl på ein av byens serveringsstader. Me håpar å sjå deg der!

Om dagens film, Gladiatoren (saksa frå imdb.com):
«Maximus is a powerful Roman general, loved by the people and the aging Emperor, Marcus Aurelius. Before his death, the Emperor chooses Maximus to be his heir over his own son, Commodus, and a power struggle leaves Maximus and his family condemned to death. The powerful general is unable to save his family, and his loss of will allows him to get captured and put into the Gladiator games until he dies. The only desire that fuels him now is the chance to rise to the top so that he will be able to look into the eyes of the man who will feel his revenge.»
Start Time: 18:15
Date: 2010-02-01

Me er klare for eit nytt semester!

Fagutvalget har mykje på programmet denne våren, og me vil gjerne ha med så mange som mulig på desse. Me skal arrangera fagfestar og ekskursjonar, og me har også starta vår eigen filmklubb med påfølgjande fagøl annakvar måndag. Me vil sjølvsagt informera om alle arrangement på denne sida, men det kan også vera lurt av deg å følgja oss på facebook. Då vil du automatisk få invitasjon når det skjer noko nytt.

Dersom du ønskjer å bidra i fagutvalget kan du senda ein mail til leiaren vår, Jane Skjoldli, på jane.skjoldli@student.uib.no eller berre møta opp på eitt av møtene våre. Vel møtt!

Religionsvitere i bloggosfæren

Tenkte jeg skulle rette oppmerksomheten deres mot den nye bloggen til Dag Ø. Endsjø. Vi applauderer tiltaket!

http://doendsjo.blogspot.com/

Andre religionsvitere som blogger finner man også her:
Torjer Olsen, UiT, http://www.forskning.no/blog/torjerao
Asbjørn Dyrendal, NTNU, http://skepsis.no/blog/

(dersom dere vet om andre, send meg gjerne et tips på knut.melvaer[a]gmail.com)